- Vi jobbar med å få oversikt, og på noverande tidspunkt veit vi diverre ikkje kor lang tid det vil ta før alt fungerer som normalt, skriv Telenor på på Facebook-sida si.

Selskapet melder no altså om problem med å sende sms og mobilanrop.

Netcom-kundar skal ifølgje selskapet sjølv ikkje vere råka av problema.

Er du i ein naudsituasjon, som Telenor-kunde, fortel selskapet på sine sider at du kan ta ut simkortet eller ringe 112 før du tastar pinkoden på telefonen, for å ringe nødnummeret. Det gjeld berre 112, ikkje 110 eller 113.

Politiet fortel at mange ringer 112 for å fortelje om problem med mobilnettet. Politiet ber publikum om å ikkje nytte dette nummeret for å seie i frå om dette, då feilen er godt kjend.