Det var dei lokale SV-laga i regionen som i 2009 starta arbeidet med å få gjort noko med Garneskrysset. Dei fekk så med seg ordførarane og kommunestyra med seg på tanken. Så fekk dei fylket med, som fekk KID-midlar og ombygginga av Garneskrysset vart ein realitet.

Der har no kome rundkøyring, som gjev betre flyt i trafikken. Og bussoppstillingsplass, som gjer at bussane har slutta å køyre dei ekstra kilometrane om Myrvåg for å snu. Slik har busselskapet frigjort ein del kilometer, som dei brukar til å betre busstilbodet så der går oftare buss.

Torsdag ettermiddag hadde Møre og Romsdal SV markering i Garneskrysset. Dei hadde fått tidlegare miljøvernminister, nestleiar i SV og stortingsrepresentant Bård Vegar Solhjell til å kome. Prosjektleiar Frode Kvalheim frå Samferdselsavdelinga i fylket var også der. Og Aurora Dimmen Bratlie, representant i ungdomspanelet i fylket og Ulstein ungdomsråd, var også der.

Temaet for samlinga var Ei ny tid for kollektivtransporten på Søre Sunnmøre. No som busstilbodet er betra vil dei arbeide for at fleire skal ta buss.

Bård Vegar Solhjell sa at det var første gongen han var på kakefest på ein busshaldeplass, men det var veldig hyggeleg.