I følgje Siri Waage Pilskog ved Skin Tonic i Ulsteinvik har stjernefrisøren Jan Thomas slutta å reise på turnear. Men både ho og butikkmedarbeidar Sheila Gaasø har lenge hatt lyst til å ha besøk av Jan Thomas i butikken.

- Vi vart heilt overvelda då vi fekk vite at han ville kome. Vi gler oss stort, kommenterer Siri Waage Pilskog.

Hårdate med Jan Thomas

Ho karakteriserer Jan Thomas som ein «skjønnheitsguru», som både er glamorøs, jordnær og eit varmt menneske. Dei som ønskjer å få litt tid med Jan Thomas må merke seg datoen torsdag 13. november.

- Vi reknar med at det vil bli stor pågang og rår folk til å tinga personleg tid med han på førehand her i butikken.

Jan Thomas, som tidlegare var frisør og sminkør for stjerner i Hollywood, har etter at han flytta heim til Norge drive Jan Thomas Studio. No har han utvikla sitt eige «designer haircare»-merke, og det er dette han vil snakke om i Ulsteinvik.

Han vil gje interesserte tips om kva slags produkt dei skal bruke for å få flottast mogleg hår.

Det blir med andre ord sjanse til ein hårdate med Jan Thomas i Ulsteinvik.

- I yrket mitt som frisør og hårstylist veit eg at håret er noko av det som betyr mest for folk flest. Det nyttar ikkje å ha dei flottaste kleda og den beste makeupen viss det ikkje stemmer på toppen, uttaler Jan Thomas.

Han legg til at nordisk hår ofte er tynt og utsett for mykje ver og vind, og derfor kanskje det mest utfordrande håret i heile verda.

Ein dag som vil bli hugsa

Senterleiar Diana Molskred er også glad for at Siri Waage Pilskog og Sheila Gaasø har kuppa Jan Thomas til Blåhuset.

- Jan Thomas er spesiell, og det er kjøpesenteret Blåhuset også. Vi satsar alt på å skape eit opplegg som både Jan Thomas og kundane vil hugse. Det skal bli høg glamfaktor og underhaldning som vi er overtydde om at Jan Thomas vil like, lovar senterleiaren.