Avdøde Knut-Jonny Nerland hadde eit brennande ønskje om at Jens Terje Johnsen skulle få forrette i gravferda hans, skriv Sunnmørsposten. Men biskopen svara at Johnsen ikkje var ønskja tilbake i Herøy Kyrkje.

Etter å ha fått krev av ein aggressiv type låg Nerland tre veker innlagd ved Volda sjukehus. Sjukehusprest Jens Terje Johnsen greidde å lindre mykje av den åndelege og mentale smerta som yrkesfiskaren streid med.

Men Jens Terje Johnsen, som sjølv søkte løyve til å forrette i graferda, fekk avslag frå biskop Ingebjørg Midttømme.

- Bror min var ein glad og positiv person på alle måtar, heilt til det siste. At vi ikkje kunne hjelpe han med dette eine, store og siste ønsket vart eit veldig nederlag, og det forsterka sorga og fortvilinga, seier broren Geir Nerland til Sunnmørsposten.

Avisa har kontakta fungerande biskop Olav Gading, men på grunn av tenesteoppdrag kunne han ikkje kommentere saka.