Sjølv om fleire måtte fram med isskrapa i dag tidleg, melder yr.no ei mild og våt helg.

Det skal regne både fredagskvelden, laurdagen og sundagen, men det er ikkje meldt dei same nedbørsmengdene som me fekk oppleve førre helg og tidlegare denne veka. Det er ikkje sendt ut OBS-varsel eller fare for flaum.

Laurdag føremiddag vil gradestokken kome opp i fjorten gradar, skal me tru meldingane.

Sundag klokka tolv er det kamp på Høddvoll. Det er så langt fram i tid at yr.no berre melder vêret i sekstimarsbolkar, ikkje time for time.

Det står at det frå klokka seks på sundagsmorgonen til tolv skal vere opplett, medan det frå tolv til seks på kvelden er fare for regn. Temperaturen vil vere rundt åtte gradar. Så om du har tenkt deg på kamp denne dagen kan det vere lurt å ta på ullundertøy og kanskje ei regnjakke.