Ein del innbyggjarar i Eiksund har vore plaga med brunt vatn no som det har regna så mykje. Vatnet er ofte brunt i Eiksund når det regnar mykje. Men no melder Ulstein kommune på nettsida si at dei i dag har gjort utspyling av vassleidningsnettet i store delar av Eiksund. "Ikkje meir grums i Eiksund" er overskrifta.

Det kan forekome litt grums i vatnet ut over dagen/kvelden som følgje av dette arbeidet.

– I så fall hjelper det på om ein let kaldvatn stå å renne ei stund, tipsar avdelingsleiar Odd Kåre Wiik.

I løpet av kvelden skal statusen for vatnet bli normalt, og Wiik forsikrar om at vatnet er fritt for bakteriar.