Tilsvarande blir den annonserte «historiske reisa» før kampen flytta fram til klokka 11.

Årsaka til endringane er at kampen Tromsdalen-Kristiansund først vart flytta frå Tromsdalen til Alfheim i Tromsø fordi Tromsdalen ikkje  har flomlys. Å spele kampen i dagslys i Tromsdalen med avspark klokka 13 ville føre til at 2. omgang vart spelt i halvmørke.

Men denne flyttinga reagerte klubbar som kjempar med KBK om kvalikplass på, då dei meinte at flytting til Alfheim ikkje gav Tromsdalen den heimefordelen dei hadde krav på. Fotballforbundet bestemte derfor at samtlege kampar skal ha avspark klokka 12 – slik at kampen Tromsdalen-Kristiansund kan gå i Tromsdalen, utan flomlys.

NFF beklagar dei ulempene dette medfører for dei som har planlagt aktivitetar kring avslutningsrunda.

«Historisk reise»

Tidleg i veka var det 900 ledige plassar igjen på sitjetribuna til Bryne-kampen. Det vil seie at tilsaman 1.600 plassar var reserverte til då.

Før kampen mot Bryne blir publikum inviterte til å gjenopplive nokre av dei mange magiske øyeblikka frå gamle Høddvoll. Den «historiske reisa» startar klokka 11 ute på graset framfor sitjetribuna – med intervju av store Hødd-profilar  og god musikk.

Stor spenning, men ikkje for  Hødd og Bryne

Både Hødd og Bryne er sikra ny kontrakt i 1.-divisjon. Hødd endar uansett utfallet av søndagskampen på ein 8.-plass. Med siger over Bryne kan laget trett nok få same poengsum som Ranheim, som ligg på 7.-plass. Men Ranheim har 11 mål betre målforskjell enn Hødd og vil 99 prosent sikkert halde Hødd bak seg – også om dei taper for Strømmen og Hødd vinn over Bryne.

Bryne er også sikra ny kontakt med sine 39 poeng.

Men det er stor spenning i nest øvste og nest nedste etasje:

I kampen  om kvalikplassar for opprykk til Tippeligaen kjempar tre lag om dei ledige kvalikplassane bak/ved sida av  Mjøndalen, som er sikre med sine 50 poeng:

Kristiansund 48 (+ 14 mål)

FFK 48 (+ 10 mål)

Bærum 48 (- 1 mål)

Ranheim 46 (+ 13 mål)

Utfallet av kampane Mjøndalen-Bærum, FFK-Sandefjord, Ranheim-Strømmen, Ull/Kisa-Nest Sotra og Tromsdalen-KBK avgjer kven dei tre blir.

I kampen om å unngå nedrykk er dramatikken enklare, men like stor. Her er tre lag  involverte:

Hønefoss 37 (- 17 mål)

Nest Sotra 36 (- 2 mål)

Alta 34 (- 17 mål)

Eitt av desse laga rykker ned i lag med Tromsdalen, Ull/Kisa og HamKam. For Alta er berre siger over Hønefoss borte nok. Då passerer dei Buskerud-laget på målforskjellen. Skjer det, må Nest Sotra greie minst uavgjort i sin avslutningskamp borte mot alt nedrykksklare Ull/Kisa.

Den siste kampen i denne siste runda, HamKam-Tromsø, får ingen ting å seie for sesongfasiten.