Det populære årsskriftet til Ulstein historielag er dermed ei jubileumsutgåve i jubileumsåret 2014. Dette blir markert.

I boka, som i år er på 168 sider, vil du finne ein artikkel som fortel om historia bak Levd liv. Du vil også finne mykje lokalhistoriske stoff om 1814. I den andre enden av tidslinja tek boka for seg eit fenomen frå 1980-talet – den gongen den unge Sissel Kyrkjebø samla 1700 i Ulsteinhallen.

Levd liv blir gitt ut av Ulstein historielag i samarbeid med Osberget AS. Aksel Hauge har leia redaksjonsnemnda og Magne Grimstad jr. har vore redaktør. Boka har selt godt, og i jubileumsåret ventar historielaget seg ekstra godt sal.

– Vi hadde aldri klart å skape Levd liv utan dei mange velvillige forfattarane rundt om i bygdene i Ulstein. For redaksjonsnemnda har det vore eit mål å få med stoff frå alle krinsane i kommunen. Stort sett har vi lykkast med det, seier Hauge.

I årets utgåve har Kåre Alme skrive artikkelen «John Alme – japansk krigsfange», Egil Myrene har levert artiklane «Haddal Notlag» og «Steingardane i Haddal». Otto Botnen fortel om «Serine i Nilsgarden». Asle Geir Widnes Johansen har skrive artiklane «Ulstein i 1814 og åra før», «Prestens tale i mars 1814» - og  om Sponders Booking som «Ville flytte musikklivet til Sunnmøre». Gunn Berit Gjerde fortel om Osa-Petter, Rolf Sundgot om «Fløhamna». Så fortel Øyvind Hasund om Hallvard Hasund, medan Karl Kleven skriv «Om tida i likningsetaten frå 1956 og framover». Knut Arne Høyvik fortel om «Notbasar i Ulstein». Aud Marit Wiig og Guri Alme avsluttar denne utgåva av Levd liv med «Ulstein kunstlag 70 år».

Som vanleg er boka rikeleg utstyrt med historiske bilde og illustrasjonar; båtar, gardar, bygningar, verksemder og menneske. Ungdomar frå Ulstein Tensing vil selje boka på dørene onsdag og torsdag denne veka. I tillegg kan du kjøpe boka hos dei lokale bokhandlarane eller på standen til Ulstein Historielag på Amfi førstkomande laurdag. Dessutan kan du tinge boka via nettbutikk på nettsidene til historielaget og Fantastiske Osberget.