Talentjakta er eit program med støtte frå Innovasjon Norge, som har som mål om å fremje og utfordre Noreg sine mest attraktive studentar, med ekstra engasjement, driv og skaparkraft. Ein av dei som jobbar tettast på kandidatane som står igjen, er Silje Urke Antonsen, som sjølv kjem frå Ulsteinvik. Ho er svært glad for at tre av dei tjue attverande talenta også kjem frå Ulstein.

– Det er rett og slett kjempeartig. Dette er eit opplegg vi har jobba med i Agder sidan 2010, og dette året er det fyrste vi går ut med det nasjonalt. Då er det ekstra spesielt at tre av kandidatane kjem frå Ulstein, mi heimkommune, seier Urke Antonsen.

Grundig prosess

Seleksjonsprosessen blir gjennomført av Manpower Norge og Cut-E. Eit knippe kandidatar gjekk så vidare frå grovseleksjonen. Desse har vore gjennom evnetestar, kompetansebaserte intervju, videointervju for dei som bur langt frå dommarpanelet og personlegdomstestar.

Etter dette blei 30 kandidatar plukka ut til ei finale i Oslo. Topp 30 blei så sett saman i grupper, der kvar gruppe skulle løyse ein case, eller ei oppgåve. Heilt til slutt skulle kvar av kandidatane på to minutt presentere seg sjølve for eit dommarpanel. På denne måten blei dei resterande 20 plukka ut. Blant dei er altså tre frå Ulstein kommune.

– Veldig spanande

Vebjørn Skeide, Masterstudent i Industriell Økonomi og bachelorstudent i Samfunnsvitskap ved NTNU, ser fram til neste samling over nyttår.

– Eg syns det er veldig spanande å bli plukka ut, og moglegheitene for å utvikle seg er store.

Andreas Ingjerd, masterstudent på siviløkonomstudiet ved NHH, seier at det å møte studentar frå andre studieretningar er mest spanande med Talentjakten.

– Det har vore ein lang og skikkeleg prosess, og set eit kvalitetsstempel på dei som har kome gjennom nålauget.

John Martin Kleven Godø, masterstudent i Marin Teknikk ved NTNU ser fram til å møte dei andre talenta igjen.

– Det er utruleg mykje greie folk som er med. Eg ser fram til fortsetjinga, seier han.han.