Libra Plast AS, eit verdsleiande selskap innan sitt felt, produserer i hovudsak utvendige dører til alle typar skip og offshoreinstallasjonar, av fleire typar material. Utanom hovudproduktet produserer selskapet også livbeltekasser, skap for diverse redningsutstyr til offshoreindustrien, og ein del andre spesialprosjekt i kompositt (glasfiber). 224 høgtrykksdører til portane i den nye Panama-kanalen, og dører til MOSE-prosjektet i Venezia er eksempel på sistnemnde.

– Det er desse litt meir spesielle og kompliserte prosjekta som er heilt klart mest spanande og dei er også dei med størst innteningspotensial.

Såg dagens lys i 1954

Selskapet blei etablert i 1954, i kjellaren til Olga og Albert Lillebø i Brandal. Sonen Arne er no hovudaksjonær i selskapet.

– Eine sonen til Arne jobbar også i bedrifta. Så tredjegenerasjon av familien Lillebø er også representert, fortel Pieroth.

I 1957 byrja Albert Lillebø å produsere ulike produkt i plast. Litt seinare blei ei kasse for redningsflåtar produktet som verkeleg sette Libra på radaren til skipsindustrien. Tidleg på 1960-talet kom plastdøra til, produktet selskapet har hatt mest suksess med opp gjennom åra. Det kanskje ikkje så mange i dagens generasjon kjenner til, er at Libra også produserte båtar ei stund.

– Mest kjend er nok Libra 29 fot og Libra 33 fot. Båtar produserte vi frå 1970-talet til i 1992–1993. Satsinga blei avslutta fordi vi såg vi ville satse meir på skipsutstyr-segmentet.

Skaut fart på 2000-talet

– På slutten av 1990-talet fekk vi tilbakemeldingar frå kundane våre, som ynskte å kjøpe komplette pakkar med utvendige dører frå ein enkelt leverandør, ikkje frå tre-fire ulike til kvar båt, seier Einar Pieroth.

Libra heiv seg difor rundt for å følgje ynsket. I 2002–2003 hadde Libra på plass eige design på stål- og aluminiumsdører, for å komplettere plastdøra.

– Då tok det eigentleg av for oss. Fram til då hadde vi rundt 30 millionar kroner i omsetning årleg. Frå 2003 og utover mangedobla omsetninga seg, og no har vi i mange år hatt eit samla omsetningstal på over hundre millionar kroner.

Selskapet når høgst truleg ei omsetning på 130 millionar kroner i 2014. Toppåret var likevel i 2008, då selskapet omsette for 137 millionar kroner.

– Omsetningsmessig er vi svært godt fornøgde med korleis vi gjer det i år, seier Pieroth.

Det er heller ikkje reint få dører verksemda leverer årleg.

– Vi leverer rundt rekna 6.000-7.000 dører i løpet av eit år. Vi har ein eksport som ligg på rundt 70 prosent. Vi har Norge og Europa som hovudmarknad, men vi har også høge marknadsdelar i USA og Brasil. No satsar vi også mot Asia, med produksjonslokale og kontorlokale i Vietnam, seier Pieroth.

– Let produkta tale for oss

Libra Plast AS har hovudkontor på Hareid med 29 tilsette, og har elles kontor og produksjonslokale i Latvia (1997) og Vietnam (2014).

– Produksjonen både i Latvia og no sist i Vietnam er med på å gjere oss endå meir konkurransedyktige i den europeiske og asiatiske marknaden. Fabrikken i Vietnam har vi store forventningar til. Asia tek meir og meir over skipsbygginga i verda, så der må vi vere.

Likevel er det nok ikkje så mange her heime utanfor skipsindustrien som veit kva Libra Plast AS eigentleg gjer.

– Produkta taler for oss. Vi likar best å halde ein låg profil. No i samband med 60-årsjubileet er det derimot kjekt å få litt fokus på det gode arbeidet alle dei tilsette i selskapet gjer kvar dag, for at vi skal halde fram satsinga vår vidare. Vi har mange lojale tilsette som har gjort framgongen vår mogleg, så all honnør til dei, seier Einar Pieroth avslutningsvis.