I år vart tiltaket halde for 25 gong. Kartsalet har eksplodert den siste femårsperioden - frå 280 i 2009 til 288 i 2010, 380 i 2012, 417 i 2013 – og til 498 i 2014.

Jan Bigset er den einaste som har vore med alle åra. Han fekk dermed den første 25-årspokalen som er utdelt. Jan har også vore med på å setje ut og ta inn postar desse åra. Under premie-utdelingskvelden på Har-eid klubbhus torsdag var han på jobb. Då lokalavisa ville ha tak i han dagen etter, var han oppe på Brørene og åt julemannar (sjå side 14).

Det merkelege med årets fjellorientering er at det trass i ein salsauke på 81 kart frå i fjor vart innlevert 19 færre utfylte kart. Enkelte forklarte fenomenet at det har vore så varmt i sommar at folk heller har valt badestranda. Andre teoriar: Rykter om uvanleg mykje hoggorm i marka og mykje fluger.

Men dei som leverte inn har vore flittige. Heile 242 kart stod til A-premie (19-25 postar), medan berre 38 gav B-premie (12-18 postar).

Årets pokalvinnarar i tillegg til Jan Bigset, som tok 25-årspokal, var:

20 år: Jorunn Ulstein.

15 år: Siv Bente Mork Bigset, Signe Herborg Bjåstad, Gunn-Bente Brubakk, Arild og Margrethe Husøy, Gudrun Bu Pilskog, Gunn Brandal Røyset og Leonora Skrede.

Fire deltakarar fekk 10-årspremie: Henrik Fjelly, Oddrun Fjelly, Nikoline Bjåstad Hustadnes og Torstein Holstad Sivertsen.

Og endeleg vart det delt ut 21 5-årspokalar: Sindre Bjåstad, Ingeborg Dragsund Ellingsen, Trond Ellingsen, Inger-Anne Karlsbakk, Oddbjørn Karlsbakk, David Levi Karlsen, Åge Elias Karlsen, Sander Karlsen, Perry Korsnes, Margrete Longva, Helge Myklebust, Amund Riise, Jarle Ringstad, Marita Røyset, Svein Sunde, Olaug Orten Trovåg, Dagny Vartdal, Bjørnar Veddegjerde, Patrik Veddegjerde, Stine Veddegjerde, og Kaja-Mari Sandvik Yksnøy.

I høve jubileet vart det trekt ut to vinnarar av gåvekort - a 1.000 kroner. Vinnarar her vart Anne Fjelly Mork og Karina Dimmen.