For å redusere fråfall i vidaregåande skule, føreslår Volda Venstre at Volda kommune skal tilby elevar eit 11. skuleår, skriv Møre-Nytt.

– Når ein av tre elevar ikkje fullfører vidaregåande opplæring innan fem år er det tragisk for den enkelte, og også ein stor kostnad for samfunnet, meiner Idar Flo i Volda Venstre.

I Danmark blir det gjeve tilbod om eit frivillig skuleår etter grunnskulen, med vekt på basisfag og gjerne eit fag eleven har ekstra motivasjon for. Volda bør prøve ut noko liknande, meiner dei.