I ettermiddag i august var politiet ute på radakontroll. Men det visste ikkje motorsyklisten noko om. På ei rett strekning på fylkesvegen ved Nautøya, pressa han motorsykkelen sin opp i 154 km/t i 80-sona.

No er han sett under tiltale ved Sunnmøre tingrett for å ha brote vegrafikklova, som blant anna seier at føraren til ei kvar tid skal vere merksam på offentlege trafikkskilt, signal og oppmerking.

Strekninga var merka med 80-skilt.