RS "Idar Ulstein" blir den første redningsskøyta i den nye klassen av hurtiggåande skøyter som blir bygde for å operere i verutsette område.

Den nye skøyteklassen har fått nemninga "Ulsteinklassen".

RS "Idar Ulstein" er ei av tre nye skøyter som blir bygde ved Swede Ship i Sør-Sverige. Dei to andre skal stasjonerast Moss og på Hvaler.

Dei nye skøytene blir 22 meter lange og bir bygde i aluminium. To motorar på 1220 kw kvar, i kombinasjon med vassjetanlegg, gir skøytene ei toppfart på 38 knop, og ei slepekraft på 12 tonn.

Sjøsetting og overlevering neste år

Etter planen skal RS "Idar Ulstein" leverast i 2015. Deretter blir ho altså stasjonert i Fosnavåg, opplyser Redningsselskapet i ei pressemelding.

- Skøyta kjem til å hjelpe tusenvis av menneske på sjøen og blir flaggskipet til Redningsselskapet, uttaler Rikke Lind i Redningsselskapet.