Men fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V) torer ikkje å love at reserveferja er på plass alt frå 1.1. 2015.

- Vi har nokre juridiske detaljar som må på plass først, men det vil bli jobba iherdig med å få sett inn reserveferja så snøgt som råd, forklarer ho.

Frå 1.1 2015 skal "Tidefjord" ut av sambandet Hareid-Sulesund. Då blir det "Tidesund" og den mykje diskuterte "Ullensvang" som skal trafikkere over Sulafjorden. Mange meiner det vil skape trafikkaos i toppane.

- Med tre ferjer på plass, "Tidesund", "Ullensvang" og reserveferja vil det bli avgang kvart 20. minutt. Eg trur det skal bli ei god løysing, seier Gjerde.

Planen er at reserveferja skal frå tidleg morgon og truleg til 18.00, då trafikken er størst.

Vedtaket gjeld for 2015. Det vart ikkje sett fram forslag i Fylkesuvalet om ei permanent løysing med tre ferjer frå 2016.