Den 1. juledag (25. desember) blir Julekveld for alle arrangert for fjerde gongen. Dette er eit arrangement som er ope for alle som ønskjer å vere med, anten det er familiar, einskildpersonar, gamle som unge i Ulstein og Hareid. Alle er hjarteleg velkomen.

Festen blir arrangert av frivillige og er gratis å vere med på.

Populært tiltak

I fjor var det 60 stykke som kosa seg i lag. Dei var frå ulike nasjonar og samfunnslag. I år håpar arrangørane å nå endå fleire. I år blir arrangementet lagt til Store Vikholmen Aktivitetshus. Der blir det servering av tradisjonell julemiddag, kalkun, kaffi og kaker. Og på ein slik kveld kjem sjølvsagt julenissen på besøk.

Einsamt juletre søkjer gåver

På Julekveld for alle blir det delt ut gåver til gjestene. Pakkane blir samla inn i forkant.

På Quality Hotel Ulstein står det eit høgt juletre i lobbyen. Under dette treet kan bygdefolk og hotellgjester leggje julegåver til dette arrangementet.

Nordic Choice Hotels har ein landsomfattande kampanje der hotella samlar inn julegåver til folk som treng det. Hotelldirektør John Bjørke fortel at dei synest arrangementet Julekveld for alle er eit så flott tiltak, at dei ville samarbeide med Ulstein Frivilligsentral om dette, noko Inger Anne Dimmen, leiar i Ulstein Frivilligsentral, er glad for.

For kvar pakka som blir samla inn gjev hotellkjeda ti kroner til Unicef og prosjektet «Free to grow». Hotellkjeda meiner det å ta ansvar utanfor hotelldøra er ein viktig del av samfunnsansvaret deira.

Mange born veks opp med vald, overgrep og utnytting. Prosjektet «Free to Grow» bidreg til førebygging, akutt hjelp, rehabilitering og å gje born eit tilpassa skuletilbod.

Håpar på meir støtte

Ulstein Frivilligsentral er koordinator for Julekveld for alle. Arrangementet er politisk- og religionsnøytralt.

Om nokon har lyst til å hjelpe til, både veka før arrangementet og på sjølve dagen, eller vil gje ein boks med julekaker, lage ein dessert eller noko anna er det berre å ta kontakt.

Om nokon vil støtte arrangementet økonomisk kan dei gje ein skjerv til kontonummer 39104587821. Dei kan også kjøpe ein verdilapp på hotellet til 50 kroner og henge på treet. Ein slik lapp tel som julegåve, og gjev også støtte til Unicef.