Aksjonane mot mobbing som har gått føre seg i Oslo og andre stader i landet inspirerte leiaren i Ulstein Ungdomsråd, Aurora Dimmen Bratli.

- Eg spurte dei andre medlemmene i rådet om dei kunne tenke seg å vere med på ei markering mot mobbing. Det ville dei,  så vi bestemte oss for å arrangere eit fakkeltog søndag kveld, fortel ungdomsrådsleiaren.

Fakkeltoget startar frå parkeringsplassen ved kjøpesenteret Amfi og avsluttar ved Rådhusplassen. Der vil ungdomsrådsleiar Aurora Dimmen Bratli og ordførar Jan Berset halde kvar sin appelll.

- Vi ber alle som vil vere med om å ta med seg faklar, oppmodar Dimmen Bratli.