Hareid formannskap har vedteke å lyse ut stillinga som kommunalsjef for velferd etter Elly Kirkeslett, som sluttar i stillinga 1. februar neste år.

Kirkeslett søkte om permisjon frå stillinga ut 2015, men utifrå ei samla vurdering kom formannskapet denne veka til at dei ikkje ville imøtekome søknaden.

Kirkeslett sluttar dermed 1. februar etter å ha vore kommunalsjef for velferd i fem og eit halvt år.

Jobb i Oslo

Kirkeslett, som er busett i Ulsteinvik, fortel at ho har fått seg jobb som vanleg sjukepleiar på ein større sjukeheim i Oslo. Ho har valt å slutte som øvste leiar for velferd i Hareid utifrå ei heilskapeleg vurdering:

– Eg blir snart 61 år, og jobben er så pass krevjande at eg ikkje ser at det er dette eg skal avslutte yrkeslivet med. Særleg dei to siste åra, med nedskjeringar og omorganiseringar, har vore travle. No ser eg fram til eit litt rolegare liv fram til eg går av med pensjon.

Kommunalsjefen strekar under at ho har trivest godt som leiar for velferd i Hareid, og ho gir staben sin gode skussmål.

- Kjem du til å flytte?

- Eg tenkte først – då eg søkte om permisjon ut 2015 – at eg skulle pendle. Men når det no er klart at det ikkje blir meir i Hareid, stiller saka seg annleis, fortel avtroppande velferdssjef, som har ein son som bur i Oslo.

Hareid formannskap vedtok i same møte å lyse ut den ledige stillinga som kommunalsjef for velferd med søknadsfrist 20. desember i år. Formannskapet vedtok også å nytte ekstern konsulent for vurdering og intervju av søknadene, i lag med det faste forhandlingsutvalet.