Turid Frøystad Leknesund, rådgjevar ved Sparebanken Møre si avdeling i Ulsteinvik, fortel at det starta med at ho i sommarferien sin var inne på Facebook for å oppdatere seg. Ho var småsur for at vêret ikkje var heilt på topp. Men der kjem ho over statusoppdateringa til Frode Tilseth og blir minna om kor urettferdig livet er.

Frode er far til Elias på fire år. Sidan guten fekk konstatert leukemi i august i fjor har han vore mange turar på sjukehuset, både i Volda, Ålesund og Trondheim. Frode er takksam for den fantastiske jobben dei gjer på sjukehuset, men saknar litt meir ressursar for å gjere det triveleg for dei små å kome dit. Ein av dei få premiane dei har ved laboratoriuma er små sprettballar. No har Elias sikkert femti ...

Når guten er på sitt sjukast og må liggje isolert på roma orkar han ikkje leike, men der er mellom anna ikkje TV på roma. Foreldra til den kreftsjuke guten ønskjer ressursar som gjer det ok å måtte reise til sjukehusa for gong nummer hundre.

– Somme kan sikkert tenkje at dette er luksus når andre i verda lid. Men likevel er det nært, det er mine og dine born eller barneborn som diverre vil trenge desse sjukehusa i kortare eller lengre tid. Det er nettopp hit me må reise med våre sjuke born, forklarer Frode.

Ville hjelpe

Leknesund kjende at dette ville ho gjere noko med. Då ho kom på jobb etter ferien tok ho det opp med arbeidsgjevar. I lag med avdelinga i Ålesund gjev banken 20 000 kroner til Barnekreftforeninga i Møre og Romsdal. Då sjekken vart overlevert tysdag opplyste ho om at dei deler kantine med ein del næringsliv. Fleire hadde gjeve uttrykk for at dei også vil gje pengar, så barnekreftforeininga kan vente seg meir støtte.

– Det kjem utruleg godt med, takka Inger Lise Hauge som er leiar i Barnekreftforeninga for Møre og Romsdal. Dette er ekstra viktig denne tida. No går me inn i ei tid der mange er opptekne av å kose seg med familien, samstundes er det familiar som slit med sjukdom. Dei har ei tøff tid, ikkje alle går det like bra med.

Silje og Frode Tilseth kan ikkje få rosa Barnekreftforeninga nok. Dei er utruleg viktige både for borna og foreldra.

Om fleire vil bidra er kontonummeret 39010955401.