Thor Tyslum ønskjer å hindre at menneske i Nepal og Mosambik vert blinde alt i ung alder.

– Det å verte svaksynt eller blind er ein veldig overgang, men når det blir oppdaga så får vi hjelp, frå augelegar, augeavdelingar på sjukehus og frå hjelpemiddelsentralar. Vi får den hjelpa det er mogeleg å skaffe, men slik er det ikkje overalt.

Thor Tyslum vart blind like før han vart 60 år grunna netthinneløysing. Det er om lag ni år sidan, og han fortel at i byrjinga så visste han ikkje kva han skulle gjere.

– Eg var marknadssjef i ei bedrift her på Hareid og var vant med å reise landet rundt.

Etter kvart melde Tyslum seg inn i Norges Blindeforbund, og fekk verv som tillitsvalt. No arbeider han for at menneske som ikkje er like heldig stilte som nordmenn skal unngå å miste synet.

– 32 millionar menneske er unødvendig blinde på verdsbasis. Det er eit rart omgrep, unødvendig blind, men i fattige land, og spesielt land som ligg høgt, som til dømes Nepal, så medverkar sollyset til at unge menneske, kanskje ned i 30–40 år får grå stær.

Operasjon for 250 kroner

Tyslum fortel at det er noko som ein kan behandle veldig greitt her heime, men at det ikkje finst dei same mogelegheitene for menneske i Asia og Afrika.

– Får du grå stær der så er du eigentleg blind og hjelpelaus. Det er ofte handverkarar og jordbrukarar, som sit ute heile dagane utan noko form for vern, og det kan veldig ofte føre til grå stær.

Ifølgje Tyslum arbeider Norges Blindeforbund med prosjektet iCare som tek sikte på å utrydde den unødvendige blindheit.

– For 250 kroner får vi operert ein som har grå stær, frå å vere faktisk blind, til å verte sjåande. Det er gjort på fem til ti minutt, det er same operasjon som her i Norge. Ein enkel operasjon, men uoverkomeleg for fattige menneske, for dei har ikkje så mykje pengar.

Blindeforbundet samlar inn pengar i Norge, og Tyslum fortel at dei går direkte til augesjukehus dei sjølv driv i Nepal.

Prosjektet starta i 2013 og då klarte Norges Blindeforbund å skaffe pengar til 7000 operasjonar, men sjølv om det er ein god start, så håpar Tyslum at ein skal klare å få gjort endå meir i tida framover.

– Eg synest det er veldig sterkt. No har vi eit mål om 20.000 operasjonar. Det er ambisiøst, men vi er på god veg og eg trur at vi kan klare det.

Tyslum forte at det er forskjellige måtar ein kan støtte denne aksjonen på, mellom anna ved å gje ein operasjon ved hjelp av ein sms.

– Vi kontaktar også næringslivet rundt om i landet for å høyre om dei kan tenkje seg å kjøpe inn nokre gåveartiklar frå oss. Det er jo ofte slik no fram mot jul at ein gir gåver til sine tilsette, om ein gir til kontaktar eller ein har ein foredragshaldar på besøk. Då blir det kanskje gitt ei vinflaske eller noko anna, medan vi prøvar å få bedriftene til å kjøpe inn eitt av tre produkt.

Tyslum fortel at han ser på dette som eit kinderegg. Tre norske designarar og kunstnarar, Nina Skarra, Nico Widerberg og Celine Engelstad har laga design til skjerf, lommebok og julepynt.

– Desse blir produserte og pakka i Nepal av synshemma eller blinde personar. Det er del ein, dei har arbeid. I tillegg så kan ein gje ei gåve, og glede eit anna menneske. Tredje delen av kinderegget er at gjennom å kjøpe eitt av produkta så går 250 kroner til ein operasjon for å gje ein blind synet tilbake, fortel han.

Han understrekar at dette er eit arbeid han set høgt.

– Eg veit kor vanskeleg det er å verte blind, men i Nepal er det mykje verre.