I starten av kommunestyremøtet  i Hareid torsdag fekk ålesundaren høgsterettsadvokat Svein Tømmerdal takk og gode ord for å ha stått i vervet som kommuneadvokat i Hareid i over 40 år. No gir han seg og overlet vervet til andre.

- Det har vore ei glede og ei ære, sa Tømmerdal sjølv og mintest at han begynte i 70-åra, den gong Ola Grønevet var ordførar. Han meinte å ha hatt tilsaman 11 hareidsordførarar over seg.

Skrytte uhemma av Hareid

Tømmerdal skrytte uhemma av Hareid kommune – for å ha vore uvanleg flinke til å skaffe korrekte opplysningar til dei sakene han har ført, i første rekke på teknisk sektor.

Han nytta også høvet til å skryte av kommunestyresalen på Hareid, som han meinte var av dei flottaste han har vore i. I den samanhengen meinte han at kommunestyre-representantane godt kunne ha sunge eitt vers til på opningssongen «De nære ting», det verset som begynner med «Gå inn i din hytte, hvor liten den er …»

Makelaust

- Det er unikt å ha vore så lenge i ein og same kommune, sa ordførar Anders Riise, som meinte Tømmerdal hadde utført arbeidet sitt «forbilledleg», eit inntrykk han også bragte vidare frå andre ordførarar.