Tidleg på nyåret skal den 600m2 store kyrkjekjellaren i Herøy kyrkje offisielt opnast. Herøy vgs sine elevar på Vg2 Byggteknikk er av hovudaktørane i dette prosjektet, og er i desse dagar i full vigør med fullføringa av amfiet med over 100 sitjeplassar.

Elevane arbeider denne hausten med konstruksjon av amfiet i det nye konferanse- og kinorommet i Herøy kyrkje. Med 8 rader og 14 seter per rad er elevane midt i ein viktig byggjefase. Dette delprosjektet har dei 9 elevane, pluss ein lærar, arbeidd med sidan skulestarten i år. Kyrkjekjellaren skal stå ferdig i januar 2015.

Kvar onsdag og torsdag riggar dei seg til med alt av utstyr for å planleggje, gjere oppmålingar, snikre og byggje. Målet er at ein skal vere ferdig med amfiet før jul og så langt går alt vel.

- Dette er ein kjempefin gjeng å vere saman med og dei er i tillegg dyktige. Vi har 8 gutar og 1 jente i år, ein svært positiv og arbeidsam gjeng. Vi har berre godt å seie om denne gruppa, fortel lærar Marian Ortynski.

- Amfiet er utfordrande å setje opp. Konstruksjonsmessig får elevane ein heil del å bryne seg på, og ikkje minst det å skulle få til bogane i samband med sitjeplassane gir ei ekstra utfordring. Her kjem mattekunnskapane og evnene til å gjere berekningar seg til syne, samt andre kunnskapar, fortel Ortynski.

Likar seg svært godt

Elevane likar seg svært godt i dette arbeidet. Detaljane er viktige og byggjearbeidet passar ypparleg for både gutar og jenter. Fleire jenter er absolutt ønska og velkomne til ein praktisk skulekvardag der ein får varierte arbeidsoppgåver. Elevane har dei siste åra fått god praktisk læring i samband med kyrkjeprosjektet; dei har sett opp veggar, spikra plater og gjort det aller meste av innandørs byggjearbeid som eit slikt prosjekt fører med seg.

Og i dag står omtrent 80 prosent av den 600m2 store kyrkjekjellaren ferdig. Amfiet er halvvegs ferdig, medan gymrommet rett ved sidan av vert teke på dugnad av andre.

Takksam for dyktige elevar

Både byggjeleiar Andor Leine og leiaren i sjølve byggjenemnda, Jack Remøy, er takksame for den gode jobben som elevane gjer.

- Det er berre å sjå seg rundt kor flott ting er i ferd med å bli. Utan denne positive og arbeidsame elevgjengen hadde vi aldri kome så langt som vi har gjort til no. Dette er ein veldig flink gjeng og vi er svært takksame for den gode jobben dei gjennomfører, seier Remøy.

Og tidleg i januar vert det opning av den nye kyrkjekjellaren, høgst sannsynlig også med ein del elevar til stades.