I regjeringa sitt budsjettforlik for 2015 har dei to regjeringspartia H og FrP og «støttepartia» V og KrF vorte samde om å greie ut ein modell for formuesskatt der såkalla arbeidande kapital er friteke for skattlegging.

For Ulstein Group kan dette gje 15 millionar kroner meir til nyskaping, skriv Sunnmørsposten.

I budsjettavtalen blir formuesskatten sett til 0,85 prosent mot dagens 1,00 prosent. Høgre og FrP foreslo 0,75 prosent.

Verbalforslaget om å utarbeide ein modell for fritak av skatt på såkalla «arbeidande kapital» vil då kunne kome til å gjelde frå og med 2016, dersom politikarane får på plass modellen i løpet av neste år.

Ulstein Group, som har formuesverdiar på i overkant av 1,5 milliardar kroner, vil kunne auke satsinga si på forsking og utvikling med 10 prosent, dersom skatt på arbeidande kapital fell bort. Det sa styreleiar i Ulstein Group, Tore Ulstein, til Sunnmørsposten tidlegare i haust.

Kva er «arbeidande kapital»?

På nettsida «bedreskatt.no» formulerer Trine Lise Thorsen seg slik:

«Skatt på arbeidende kapital er en del formuesskatten. Skatt på arbeidende kapital er et omdiskutert begrep, men defineres av de fleste i debatten som investerte eiendeler som ”arbeider” i virksomheten. Dette er for eksempel driftsmidler, maskiner til produksjon, inventar, innredning, datautstyr, biler og kjøretøy og eiendom som brukes i driften, varebeholdning og kundefordringer. Arbeidende kapital kalles også for næringsaktiva og for formuesskatt på kapital investert i verdiskapende virksomhet. Det som kjennetegner arbeidende kapital er at det er midler som er en forutsetning for aktivitet og drift og som blir stående i bedriften.»

Staten tek inn ca. 14 milliardar kroner på formuesskatt i året. Av dette om lag halvparten på det som kan reknast til å vere skatt på «arbeidande kapital»