Forslaget går ut på å auke satsen på eigedomsskatt i 2015 frå 2 til 4 promille.

Dette skriv avisa Møre.

Begge kommunane innførte eigedomsskatt i år – og begge starta med 2 promille som sats.

Volda-rådmannen skriv at auka eigedomsskatt betyr at bygginga av ein ny Øyra skule kan starte neste år. Viss ikkje skatten blir auka, må prosjektet vente.

Volda har mista 30 millionar kroner i inntekter på tre år. Eigedomsskatten vart innført for å kompensere noko av dette.