Organisasjonen «Åpen folkekirke» kjem til å stille eigne «homovennlege» lister i alle bispedøme ved kyrkjevalet i 2015, skriv avisa Vårt Land.
«Åpen folkekirke» arbeider for at to personar av same kjønn kan gifte seg i kyrkja.
Å kunne stille eigne lister er nytt ved det komande kyrkjevalet.
Til no har det berre vore muleg å foreslå eigne kandidatar til nominasjonskomiteen sine lister, også kalla «supplerande nominasjon».
Under overskrifta «Utløser ny homostrid» slår Vårt Land fast kva som kjem til å bli hovudsaka på neste års kyrkjemøte.
På siste kyrkjemøte avviste eit lite fleirtal å innføre vigselsseremoni for to personar av same kjønn. Mange trur at det er sjølve nominasjonsprosessen som blir viktig å vinne denne gongen.