HG Solutions AS er eit norsk/polsk selskap, der Hareid Elektriske eig 60 prosent av aksjane, medan JSC Sp. Zoo 40 prosent. Selskapet er ein integrert del av Hareid Group.

Forløparen til HG Solutions, SP Zoo, vart starta opp i januar 2007 i det små.

230 tilsette

I dag har HG Solutions totalt 230 tilsette, og 35 av desse vil få dei nye bygningane i hamnebyen Gdynia som hovudbase.

Selskapet har 20 ingeniørar, og er ISO 9001 sertifisert i DnV.

Anlegget i Gdynia har fått nytt administrasjonsbygg på 2 x 500 kvadratmeter, og ein produksjonshall på 1200 kvadratmeter.

Konsernsjef Ronald Dyrhol i Hareid Group, som også er styreleiar i HG Solutions, opplyser at det etter oppføringa av dei to bygga, er plass til å utvide ytterlegare med fleire bygg.

Tavleverkstad

Det er produksjon av tavler som skjer i den nye produksjonshallen.

Under den formelle opninga onsdag 19. november var det 110 gjester. Blant desse var ordførar Wojciech Szcurek i Gdynia, som stod for snorklippinga, og Teresa Maninska, president Pomeranian Special Economic Zone, og Kjell Arne Nielsen, ambassadør ved den norske ambassaden i Warszawa.

Maritim kompetanse

Ronald Dyrhol forklarer at hovudårsaka til at dei etablerte seg i Polen er kapasitetsproblem i Norge.

- Vi måtte finne ei løysing som gjorde det mogleg å få produsert blant anna tavler raskt nok. Dessutan er det gunstig prismessig, legg Dyrhol til.

Hareid Elektriske har også ein tavleverkstad på Mylna Industriområde på Hareid. Og tavleavdelingane i ‹Polen og på Haeid er om lag like store.

- Då vi valde å etablere oss i Gdynia var det også eit viktig poeng at det er ein hamneby med mykje maritim kompetanse. Vi har klart å skaffe oss mange dyktige fagfolke, seier Dyrhol.

Alle tilsette ved anlegget i Gdynia er polske, inkludert dei som jobbar i administrasjonen.