Ulstein kommune hadde per 1. januar i år ei samla lånegjeld på over 1,3 milliardar kroner. Renta er for tida historisk låg, og tilrådinga til rådmann Einar Vik Arset i kommunestyret torsdag var difor å binde noko av denne gjelda til fastrente. Ulstein kommune si banktilknyting, Danske Bank, rår kommunen til å bitte renta på 300 millionar kroner av den samla lånegjelda, med ein horisont på ti år, eller fram til 2024.

Spørsmålet mange difor stilte seg i kommunestyret var om ein skulle gå for fast eller flytande rente, og frå når.

– Kva finansgrep er best for oss i Ulstein? Dette handlar om korleis vi skal sikre drifta i kommunen på best mogleg måte i åra framover. Konsekvensen av å måtte gamble på framleis låg rente, kan vere at det blir kutt i det framtidige tenestetilbodet, sa Renathe Rossi -Kaldhol (Ap).

Ap og Høgre gjekk saman om eit felles framlegg, der rådmannen si innstilling blei lagt til grunn. I framlegget gir kommunestyret rådmannen mynde til å gjennomføre budsjettreguleringar knytt til dette, og at rådmannen fordeler middel avsett til økonomiplanen for 2015–2018.

Egil Ulfstein (H) og Pål Grødahl (V), meinte begge at ein kanskje burde vente litt med å binde renta. Tilrådinga til rådmannen, med framlegget frå Ap og Høgre, blei likevel samrøystes vedteke.