Laurdag er det offisiell opning av Grim & Gryt Økobryggeri på Hareid. Duoen Andreas Grimstad og Øyvind Grimstad har jobba i fleire år med ideen om å starte eit økologisk ølbryggeri.

Med med musikkinnslag frå Hasund og Dimnøya Ungdomsmusikkorps, nokre ord frå ordførar Anders Riise og fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde, og sjølvsagt, kaffi og kaker.

– Vi vil vise fram kar og fortelje om produksjonsmetodane. Bryggeriet er ikkje heilt klart for produksjon, då leveransen av gjæringskaret vårt frå Tsjekkia har blitt ein månad forseinka. Men, folk får sjå korleis det ferdige lokalet skal vere, seier Grimstad Gryt.

Forseinkinga har gjort at produksjonen er sett tilbake med ein månad, men den har ikkje berre ført med seg noko negativt.

– Ulempa er sjølvsagt at vi ikkje får ut øl no før jul slik vi hadde håpa på, men samstundes har vi då meir tid til å sikre oss at alt er i orden og at øla vi produserer blir av beste kvalitet.

Publikum som kjem til opninga laurdag  får også kjenne og smake på råvarene humle og malt, og det vil også bli prøvesmaking for den som ynskjer det.