Torsdag skreiv Vikebladet Vestposten at Robin Hjelmeseth var årets lokale toppscorar med 19 seriemål, to meir enn toppscoraren på a-laget til Hødd, Robin Shroot.

Hjelmeseth fortel til lokalavisa at sjølv om han har scora meir enn nokon andre i lokalfotballen denne sesongen, så har det vore ein totalt sett skuffande sesong.

– Ja, eg skulle gjerne ha scora dei måla i 1.-divisjon i staden, fortel Hjelmeseth.

Ville spelt meir

Han meiner at prestasjonen ikkje har vore god nok for Hødd i 1.-divisjon, men at han har hatt ein middels god sesong i 3.-divisjon.

Hjelmeseth fekk berre ein kamp frå start i 1.-divisjon denne sesongen, samt 11 innhopp. Han kunne tenkt seg endå litt meir speletid på høgst mogeleg nivå.

– Men det vil nok alle. I år har det gjerne blitt litt slik at eg har kome inn når vi har hatt ei 4–0- leiing, eller hatt 0–4 i mot. Basert på dei attendemeldingane eg har fått når eg har spelt, så har det vore bra – og eg skulle gjerne ha spelt endå litt meir, fortel han.

Robin meiner at den største styrken i spelet hans er avslutningane, noko som spesielt har kome Hødd 2 til gode denne sesongen. Han meiner samstundes at han kan verte endå litt tøffare.

– Spesielt i 1.-divisjon må ein satse endå meir, vere litt råare i boksen og ta sjansen på at ballen kjem, fortel han.

Stygge smellar

Hjelmeseth fortel at han har blitt positivt overraska over ein del av det som har skjedd med Hødd 2 denne sesongen.

– Vi har fått inn ein del unge, nye spelarar som har utvikla seg veldig bra, slår han fast.

Hjelmeseth meiner også at a-laget til Hødd byrja bra, men at det deretter vart tyngre.

– Vi gjekk på nokre stygge smellar på heimebane, og då vart vi nok litt mindre trygge på oss sjølve. Vi tapte litt for mange kampar og då klarer vi ikkje å nå kvalik.

Hjelmeseth er ikkje heilt sikker på kva som er årsaka til at Hødd ikkje fekk det til på heimebane.

– Kanskje har vi trudd at vi kunne spele endå meir enn det som er tilfellet i 1. divisjon, og vi har blitt litt naive. Vi slapp også inn mange mål tidleg i kampane. Utover i sesongen kom vi likevel over kneika, og eg trur alle ser fram til nye Høddvoll neste sesong, seier han.