– Dersom ikkje Stiftinga Rasofielgarden får attende plassen sin i kommunebudsjettet med ein årleg sum på 100.000 til 200.000 kroner, må eigedomane førast tilbake til Hareid kommune, heiter det i eit skriv til kommunen, signert stiftingsleiar Siv-Marit Røyset Kaldhol.

I skrivet viser ho til at Rasofielgarden fekk stort sett 200.000 kroner over kulturbudsjettet dei første åra etter at garden vart stifting med tre kommuneestyrevalde representantar og to frå støttegruppa Vonheims Vener i styret.

Men den kommunale støtta har etter kvart falle bort, og stiftinga har ikkje makta å skaffe seg nok andre inntekter. Det som har kome inn, har kome i form av gåver frå bygdefolk, bedrifter og andre. Driftsmidlane har derfor minka bort.

- Det kostar om lag 60.000 i året å dekke straumutgifter, kommunale utgifter, rekneskapshonorar, årsgebyr og sikring. – No har stiftinga midlar til berre eitt år til. Etter det vil der ikkje vere økonomi til å halde  oppe drifta, heiter det i skrivet.

Stiftinga Rasofielgarden har som målsetjing å ta vare på den kulturskatten Randulf Rise i si tid gav Hareid kommune som  gåve. Det ligg føre planar om å bygge opp att ei løe til både song- og musikkframføring og til utstilling av all biletkunsten stiftinga eig. Siv-Marit Røyset Kaldhol undrar seg over at kommunen overlet kulturskatten til ei stifting – for så å trekke tilbake den økonomiske støtta