Ute var det vått og kaldt, men faklane og bodskapen varma.

- Eg blir heilt varm og rørt langt inn i hjartet når eg ser kor mange som har møtt opp her i dag, att med meg og ungdomsrådet mitt for å stå opp mot denne grusomheita som skjer i mange sin kvardag, sa ungdomsrådsleiar Aurora Dimmen Bratli.

Ho snakka om kor leitt det er at mange ikkje ser anna utveg enn å ta sitt eige liv.

Både ho, ordfør Jan Berset, rådmann og MOT-leiar EInar Vik Arset var inne på kor viktig det er med gode haldningar i heimen. Me har alle eit ansvar for at born og unge ikkje blir plaga med mobbing. Men det er også vaksne som blir plaga. Det går føre seg mobbing på fleire arbeidsplassar.

- Alle personar er like mykje verdt og fortene å leve, slo Bratli fast.