Ein mann som tidlegare budde på hybel i Ulsteinvik er i Sunnmøre tingrett dømd til fengsel i 60 dagar, med ei prøvetid på to år.

Dette fordi han både har oppbevart og selt narkotika, og køyrt bil utan gyldig førarkort.

I 2013 budde mannen på hybel i Ulsteinvik. Der fann politiet 30 gram hasj, 25 gram marijuana og ei mindre mengde med amfetamin. Dette hadde han skaffa seg i Oslo, og skulle i hovudsak ha stoffet til eige bruk.

"Venneteneste"

Mannen tenkte også å selje noko av stoffet for å skaffe seg pengar. Dette som vennetenester, men også fordi han var blakk.

Stoffet vart oppbevart i posar på hybelen.

Ein gong i mai selde han ca. 3 gram marijuana til ein bekjent for ca. 600 kroner.

I mai 2013 ransaka politiet hybelen hans. Mannen var heime og sat og røykte marijuana.

Under ransakinga fann politiet 14,02 gram hasj, 3,45 gram stoffblanding med innhald av amfetamin, og 11,2 gram cannabis.

Han vart tatt med til politihuseti Ålesund og sett i arrest. Og han erkjente straffeskuld for desse forholda.

Med i dommen er også eit tilfelle med køyring utan gyldig førarkort på Austlandet.

Stor spreiingsfare

Retten har i skjerpande retning lagt vekt på at spredningsfaren ved oppbevaring av til saman 55 gram marijuana og hasj er stor. Dette gir eit betydeleg tal brukardoser.

Han har også selt vidare 3 gram marijuana, og hadde tenkt å selje noko meir ved behov for pengar.

Allmenn preventive omsyn tilseier derfor ein streng reaksjon, meiner Sunnmøre tingrett.