I samband med den nye rundkøyringa i Garneskrysset, har det også kome nye skilt som syner dei ulike vegvala ein kan ta.

På dei nye skilta har sjølvsagt det nye samferdsleknutepunktet kome på plass, men skarpsynte bilistar har kanskje fått med seg at eitt av skilta ikkje samsvarar heilt med dei andre.

Eit par hundre meter før rundkøyringa møter ein nemleg eit skilt som viser veg mot fv 653 – Fosnavåg, ikkje 654 slik ein vanlegvis ser.

Det skal også vere feil på eitt av skilta på Haddal-sida av rundkøyringa. Der viser skiltet 564 - Fosnavåg, noko som skulle tyde på at vegstrekninga låg i Bergensområdet.

– Ja her har det blitt ein feil med eit tall. Det er ei kjent sak, fortel byggjeleiar Andreas Bergby i Statens vegvesen.

Bergby forklarer at det har kome med ein feil i byggjeplanen, og den har ingen blitt merksame på, noko som har ført til at når skiltet vart bestilt så var det med feil siffer på slutten av vegnummeret.

Byggjeleiaren fortel også at det skal vere fort gjort å ordne opp i feilen, og at det vil leggjast på ei ny talrekkje så snart denne kjem på plass.

– Det kan godt hende den er på veg i posten allereie, seier han.

Bergby minner også om at det blir offisiell opning av det nye Garneskrysset onsdag denne veka.