Regjeringa  fremja i statsbudsjettet forslag om å kutte i støtta til folkehøgskulane. Det førde til  demonstrasjonar og intense politiske forhandlingar. Venstre og Kristeleg Folkeparti ville ikkje akseptere kuttet, og har no fått støtta inn att under budsjettforhandlingane.

- Det var dette vi håpa på. Vi har både demonstrert og hytta med nevane, og vi føler det som no har skjedd er ein siger for folkehøgskulane som både er rett og rimeleg, kommenterer rektor Arnt Ole Grimstad ved Sunnmøre Folkehøgskule.

Han legg til at dei er både letta og glade. Både for folkehøgskulane og for elevane.

Ville kutte med 35 mill. kroner

Framlegget frå regjeringa gjekk ut på å kutte 35 millionar frå folkehøgskulane. Mellom anna skulle studiestøtta reduserast frå ti til ni månader.

Ifølgje rektor Grimstad hadde konsekvensen blitt at fleire elevar ikkje hadde hatt råd til å gå eit år på folkehøgskule.

- Folkehøgskulane skal ikkje vere ein rikmannsskule. Og vi kjem no til å feire saman med elevane at det ikkje blir kutt i statsstøtta, fortel Grimstad.

Korleis dette skal feirast, veit ikkje rektoren enno, men skuleleiinga kjem til å legge vekt på at vedtaket er ein siger for demokratiet, og bruke det som eit døme på at det nyttar å stå opp, kjempe for det ein har tru på.

Har vore på reisefot

Dei fleste på skulen har vore på reisefot i det siste. Fordelt på grupper har dei vitja prosjekt skulen er med på både i Tanzania, Sør-Afrika, Cuba, Spania - og ein pilottur til Honolulu.

- Men i dag er alle saman komne trygt tilbake til Sunnmøre Folkehøgskule, og det kjennest svært trygt for ein rektor, seier Arnt Ole Grimstad.

Framover skal det både feirast, og setjast inn krefter på framføring av musikal før det blir juleferie.