Med god hjelp frå Ulstein kommune sette Hasundgot IL tidlegare i år i gang arbeidet med det som skal verte klubben sine nye garderobefasilitetar, i tillegg til lagerlokale.

Fredag vart taket på det nye bygget tett, og måndag vart det klart for kranselag. Då tok ungane frå Sundgotmarka barnehage turen opp med kake, kaffi og song til arbeidarar og entreprenørar.

– Vi vart kontakta av Ulstein kommune med tanke på å sjå om det var mogeleg å kunne gjere noko i lag, fortel Gunnar Bigset i Hasundgot IL.

Ifølgje Bigset var dei gamle garderobane i kjellaren utslitne, og i bygget var det også ei avdeling frå Sundgotmarka barnehage, som ikkje hadde optimale tilhøve.

Viktig velvilje

No har barnehagen fått større plass i ein nyoppussa kjellar, medan idrettslaget får garderobar i eit nytt bygg, som truleg står klart til seriestart.

– Noko måtte gjerast, slår Bigset fast og legg til at velviljen frå Ulstein kommune har vore svært viktig.

Dei siste åra har kommunen og Hasundgot IL brukt mellom 10–12 millionar på å setje i stand ny kunstgrasbane, pusse opp klubbhuset, og no med oppussing av barnehagelokalet og bygging av nye garderobar.

– Det er veldig viktig for lokalmiljøet meiner Bigset.

I kjellaren på klubbhuset har styrar Nora Wingsternes, barnehageungane og dei andre tilsette nyleg fått flytte inn i flunkande nye lokale. Ei stund måtte avdelinga halde til på gamle Dimna skule, men no er avdelinga tilbake der den har vore sidan hausten 2000.

Stolte over barnehagen

– Det gjekk greitt der, men så visste vi at det var i påvente av noko betre, fortel Wingsternes.

No har barnehagen omtrent dobla arealet sitt, fått alt på ei flate og i samarbeid med kommunen blir også uteområdet oppgradert.

– No har vi alt på eitt plan, skikkelege garderobar og til og med eit eige kjøken, samt eigne kontor og kontorplassar, fortel styraren.

Og barna som song så flott under kranselaget er også nøgde med sitt nye lokale.

– Ja dei synest det er flott. Dei er stolte over barnehagen sin, slår Wingsternes fast.