Etter framlegg frå Perny-Ann Nilsen  (FrP) vedtok Hareid kommunestyre i siste møte ein resolusjon om fullfinansiering av tre ferjer på strekninga Hareid-Sulesund. Resolusjonen vart slik etter ei modifiseringsrunde i kommuenstyret:

«Kommunestyret i Hareid registrerer at fleirtalet i fylkesutvalet i Møre og Romsdal fylke ikkje har prioritert ei tredje ferje i sambandet Hareid–Sulesund i framlegg til budsjett 2015 med økonomiplan. Det vert òg registrert forslag om å fristille naudsynte midlar til ei tredje ferje, og ein ber fylkestinget  støtte dette forslaget.

Kommunestyret viser til den utfordrande situasjonen ved dette sambandet, med ei kraftig trafikkauke. Næringslivet, pendlarar og innbyggjarar elles er avhengige av eit tilstrekkeleg ferjetilbod, som har kapasitet til å takle behovet til næringslivet i regionen. Det er kun ei tredje ferje på sambandet som ei permanent løysing som er tilstrekkleg, i staden for bruk av ei reserveferje i delar av døgnet og delar av året.

Hareid kommunestyre har merka seg at beredskapen og er tatt ut, dette er alvorleg med tanke på liv, helse og generell samfunnsberedskap. Hareid kommunestyre ber om at dette vert reversert og at ein fortsatt har beredskapsferje.

Kommunestyret ber Møre og Romsdal fylke no prioritere dei lovpålagte oppgåvene til fylkeskommunen slik som ferjedrift, og sørger for naudsynte løyvingar til ei permanent tredje ferje på sambandet Hareid-Sulesund snarast råd.

Hareid kommunestyre forventar at naudsynte midlar vert lagt inn i budsjettarbeidet og vedteke i fylkestinget i desember 2014.»