Fungerande fylkesmann Rigmor Brøste var sist torsdag saman med administrasjonssjef i fylket, Hilde Aure, og rådgjevar i Sunnmøre regionråd, Anne Mette Liavaag, for å informere Hareid kommunestyre om framdrifta i den igangsette kommunereformen.

Brøste og Aure poengterte at det låg i instruksen deira å vere lojale overfor det regjeringa hadde bestemt. Oppdraget deira var derfor å sjå til at det vart framdrift i reformarbeidet og at det foregjekk i skikkelege former.

Dei to frå fylket hevda at dei ikkje først og fremst såg på grenser, men på tenester. Kommunane skulle vere ”robuste og berekraftige”, og tenestene skulle vere likeverdige, uansett kvar ein bur. Samtidig var det eit mål å styrke lokaldemokratiet.

Må kompensere for sentraliseringa

Samtidig gav dei to inntrykk av at det var eit viktig poeng å vere klar over den sentraliser-inga som foregår i samfunnet. Landet sett under eitt foregår det ei storstilt folkeflytting mot Austlandsområdet. For å kompensere for denne måtte distrikta bygge sterke regionar lokalt.

Eit kart viste kommunestyre-representantane korleis folk i Møre og Romsdal pendlar i dag. Kristiansund, Molde, Ålesund – og Ulstein for ytre søre Sunnmøre – var slike klare innpendlingsområde. Dette måtte kommunereformen ta omsyn til.

Kommunar på 15.000-20.000

For at ein kommune skulle reknast å vere ”robust og berekraftig” meinte dei to frå fylket at folketalet måtte ligge på minst 15.000-20.000, kanskje endå meir dersom kommunen blir pålagd fleire oppgåver.

Fylkesmannen varsla elles at det var på trappene eit nytt inntektssystem, som ville vere eit virkemiddel for å nå målet om samanslåing til større einingar.

Det skulle elles ikkje forundre dei to frå fylket at kommunesamanslåing vart eit hovudtema i den komande valkampen. Dei streka likevel under at det ikkje var noko i vegen for at ein kommune kunne ende opp med eit vedtak om at det beste ville vere å halde fram som eigen kommune.

Over tre år

Reformen skal foregå grovt sagt over tre år: 2014 er oppstartår, 2015 er utgreiingsår – og i løpet av våren og sommaren 2016 skal alle kommunar ha gjort eit vedtak.

– Må vite kva dei seier ja eller nei til

Anne Mette Liavaag frå Sunnmøre regionråd sa at regionrådet ikkje skulle meine noko om kvar kommunegrensene skulle gå. Men rådet skal ha ei offensiv rolle og sørge for gode  møteplassar og prosessar. Blant anna skal rådet framskaffe fakta, noko dei alt hadde gjort i form av ei spørjeundersøking. Denne viste i store trekk at eit fleirtal i folket stiller seg generelt sett positive til den igangsette prosessen. Her hadde Liavaag elles inntrykk av at Hareid og Ulstein var bra ”vidaregåande” og at kommunane alt hadde prata godt saman.

Men ho åtvara sterkt mot å ta lett på det: – Kommunereformen kan bli ei utfordring dersom ikkje innbyggarane veit kva dei seier ja eller nei til, sa ho.

Ei anna utsegn som mange merka seg, kom frå fylket sine to utsendingar:

- Ei stilling det i alle fall blir færre av, er rådmannsstillinga.

(Om det då ikkje blir fleire assisterande rådmann-stillingar)

Fungerande fylkesmann Rigmor Brøste (til h.) og fylket sin administrasjonssjef Hilde Aure informerte politikarane i Hareid kommunestyre om den pågåande kommunereformen.