Ein mann som er busett på Hareid er sett under tiltale ved Sunnmøre tingrett.

Dette fordi han melde inn til forsikringsselskapet sitt at han hadde vore utsett for innbrot og tjuveri i varebilen sin.

Han opplyste at både ein vaskemasin, tørketrommel, komfyr, støvsugar, verktykasse, eit kjøleskap, bildekk - og gummistøvlar - til ein samla verdi av 60.970 kroner, var stole, og ville ha pengane utbetalt.

Han meldte også frå til politiet om at gjenstandane var stolne.

Tiltalen går ut på at mannen har gjort dette mot betre vitande.