Onsdag var fylkesordføraren, representantar frå fylket, fire ordførarar frå søre Sunnmøre og mange andre samla i Haddal og på Garnes for å feire den offisielle opninga av runkøyringa og kollektivknutepunktet på Garnes.

- Med Eiksundsambandet så vart det ein stor revolusjon i reisaktiviteten i området, med stor trafikkvekst både kollektiv og på vegnettet elles, seier Arild Fuglseth, samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Samferdselsjefen fortel at noko måtte gjerast for å betre flyten, og for å betre knyte saman indre, ytre, samt kommunene nordover.

- Prosjektet har kosta om lag 30 millioinar og har vore eit spleiselag mellom staten, fylket, sju kommunar på Sunnmøre, Statens vegvesen og næringslivet.

Sjå video frå opninga.

Jan Berset er ordførar i vertskommunen for det nye knutepunktet og han gler seg over at arbeidet på Garnes no går mot slutten.

Dette er viktig for kommunen av mange årsaker. Det har vore ein del utfordringar undervegs, men no kan ein sjå at det er eit flott prosjekt og vi har ein trafikksituasjon som er heilt annleis enn den var tidlegare. Ein kan heilt klart snakke om ei tid før og etter rundkøyringa.

- Dette er første byggjeprosjektet der det vart meir framkommeleg i byggjeperioden enn det var før, seier fylkesordførar Jon Aasen som fekk æra av å opne prosjektet.

Les meir i torsdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.