I kommuneadministrasjonen i Volda si saksutgreiing til politikarane, går rådmann Rune Sjurgard og kommuneoverlege Arne Gotteberg hardt ut mot nye nasjonale krav som er føreslått av eit statleg oppnemd akuttutval. Det var Sunnmørsposten som fyrst skreiv om denne saka.

I dei nye, nasjonale krava til utvalet, vil ein at 90 prosent av befolkninga i Noreg skal ha maks 40 minutt køyretid til næraste legevakt, og innan ein time skal 95 prosent kunne nå fram.

- Vil vere ein trussel

Det betyr at grensa går på Rise på Hareid, og på Leikongeidet og i Stokksund i Herøy. Ytre delar av Søre Sunnmøre, slik som Larsnes og øyane utanfor, vil ligge langt utanfor denne grensa.

- Dette vil medføre at kommunar i ytre strøk ikkje lenger vil kunne nytte den etablerte nattlegevaktordninga ved Volda sjukehus. Denne delen av utgreiinga vil vere ein trussel mot det velfungerande felles akuttmottaket vi saman med helseføretaket har bygd opp ved Volda sjukehus og indirekte ei svekking av akuttfunksjonen der.

Det skriv rådmannen og kommuneoverlegen i saksutgreiinga til kommunepolitikarane.