Då Liv døydde av kreft i fjor haust spurte mannen hennar, Hans Grønlien, Per Havåg korleis det var med planane hans om kapell på Eika. Per, som var broren til Liv, bur i Eiksund og ser frå huset sitt bort på Klunvågneset på Eika som er i familien sitt eige. I fleire år har han leika seg med ideen om at der hadde det vore fint å ha eit kapell. Og det sa han høgt ein gong. Dette var tydelegvis ord Hans hadde lagt seg på minnet.

No ville Hans ha Per til å teikne eit kapell dei kunne reise på Eika til minne om Liv. Per sa først nei, men Hans gav seg ikkje, og etter å fått tenkt seg om vart det til at Per teikna eit lite kapell.

Bygt på dugnad

Der er ikkje veg fram til kapellet, så materialet er frakta dit med helikopter. – Noko anna hadde ikkje gått. Pakken med vindauge var på 500 kilo og pakkane med sement var på tusen kilo, fortel Per Havåg.

Då dei grov ut tomta kom dei ned på berget, så muren er bolta fast med armeringsjarn. Muren vart bygt på dugnad av heile familien. Liv hadde ikkje eigne etterkomarar, men mange søsken, og dei har stilt opp med sine etterkomarar. – Dei gjorde ein kjempeinnsats, rosar Per og seier at dette aldri hadde gått utan dugnadsinnsatsen som har vore lagt ned.

Arbeidslaget som har reist kapellet er Olve Havåg, Endre Havåg, Svein Havåg, Hans Grønlien og Per Havåg. Byggleiar er Øyvind Havåg.

No er det far og son Endre og Olve Havåg som legg tak på kapellet. Dei er glade for det fine vêret som har vore i november. – Det er betre at det er kaldt enn at det regnar, slår Olve fast.

Per Havåg veit ikkje når kapellet står ferdig, men om mildvêret held fram så dei får gjort seg ferdige med taket, håpar han at det står ferdig 9. juni, som var bursdagen til Liv.

Slepp inn naturen

Frå husmuren og opp til taket er det 7,5 meter. Kapellet blir utstyrt med store vindauge som slepp inn dagslyset og den vakre naturen utanfor. Hans meiner dette er den finaste staden i Eiksund, Per meiner det er den finaste staden å ha eit kapell.

– Det var kjekt å teikne og realisere kapellet til minne for Liv, slår Per fast.