– Vi vil skape julestemning i heile desember! Sug inn duftene, senk skuldrene, smak på roa og godbitane. Innimellom kan du oppleve ein liten bukett kultur: song, musikk, dikt, ord og bilde. Ei boklansering blir det og. Velkomen skal du vere!

Det seier Linda Hasund og Synnøve Ringstad. Saman med Fantastiske Osberget er dei vertskap i den tradisjonsrike Bakargarden i Ulsteinvik som opnar dørene sine laurdag 29. november. På programmet første dagen står mellom anna «Tindekvindene» .

Denne dagen blir julegrana tend i Ulsteinvik. Etter arrangementet ved rådhuset, blir ho også tend, den store julestjerna på Osberget. – Vi håper å skape ein samlingsplass i heile førjulstida; ein stad der du stig inn for å gi deg sjølv eit lite pusterom i førjulsståket. Her kan du ta ein kopp kaffi, te eller gløgg og kose deg med litt å bite i. Her blir det stemning i ord og tonar. Kanskje kan du også gjere litt av julehandelen her. Vi byr på bøker, salsutstillingar og tradisjonsmat. Ja, vi har juletre også, fortel Linda og Synnøve.

Kulturkafe med bøker

Eitt av høgdepunkta i programmet blir lanseringa av boka «Hundre år – hundre personar i Ulstein» laurdag 6. desember; eit anna blir minikonserten med «Bakarbandet» og Ståle Rasmussen laurdag 13. desember. Elles kan du få med deg diktlesing, film, temainnslag, intervju og mykje meir.

UtstillararI heile desember vil Randi Skavnes Våge, Monica Vermeer, Linda Hasund, Synnøve Ringstad og Per Eide stille ut arbeida sine i Bakargarden. «Uthuset» vil vere utstillingsplassen for fleire av produkta.

Kvar fredag blir det i tillegg sal og av julebrød og brød frå Steingodt.

  • Stikk innom, smak på stemninga, godbitane og kulturen hos oss, avsluttar Linda Hasund og Synnøve Ringstad.