Rolls-Royce skal levere design og integrert framdriftssystem til skipet som skal byggjast ved Besiktas-verftet i Tyrkia.

Dei siste 40 åra har om lag 800 UT-skip frå Rolls-Royce blitt bygde rundt om i verda. Den siste kontrakten er den første som blir bygd i Tyrkia.

- Det er alltid ei ære å sjå eit nytt design, fullpakka med detaljrike nyvinningar forlate teiknebrettet og bli realisert. Vi er spesielt glade for at vi med denne kontrakten kan ønskje ein tidlegare kunde velkomen tilbake, seier John Knudsen, president Commersial Marine, Rolls-Royce.

Det nye offshoreskipet vil få Unified Bridge, og det vil bli det første fartyet som skal installere det nyutvikla elektrosystemet SAVE CUBE. Eit system som gjer det mogleg å regulere fart og kraftbruk på hovudmotoren mest mogleg optimalt. Dermed sparer skiipet drivstoff og får ei meir miljøvennleg drift.

Skipet skal leverast til Myklebusthaug Management i andre halvdel av 2016.