Emblemsvåg vil dermed rapportere til John Knudsen, President Commercial Marine og får Ulsteinvik og Ålesund som arbeidsstad. Han tek til i stillinga 1. januar 2015.

Jan Emblemsvåg kjem frå jobben som administrerande direktør for Kongsberg Evotec, og var tidlegare tilsett i Vard Group, blant anna som innovasjonsdirektør og verftsdirektør før det.

Professor II-stilling

Han har også ei professor II-stilling ved Høgskolen i Ålesund.

Emblemsvåg har doktorgrad (Ph.D) i integrert produkt- og prosessutvikling frå Georgia Institute of Technology og ein mastergrad frå same universitet.

Han er utdanna siviliingeiør frå NTH (NTNU) i konstruksjon og produksjon.

Magnar Førde blir pensjonist

Samtidig som Emblemsvåg begynner i Rolls-Royce trer Magnar Førde over i pensjonistrekkene. Førde har vore tilsett i Rolls-Royce sidan 2007, og kom då frå blant anna ei professor II-stilling ved Høgskulen i Ålesund.

Han har også bakgrunn som professor ved NTNU, frå Ulstein Gruppen og frå Liaaen Mekaniske Verksted.

- Magnar Førde har gjort ein stor innsats for norsk maritim industri. Eg er takksam for at han framleis vil vere tilgjengeleg som rådgjevar framover, seier John Knudsen.