Trafikken flyt flott gjennom Ulsteinvik sentrum etter at Sjøgata opna for kort tid sidan. Byggeleiar Torbjørn Vatnehol frå Statens vegvesen Region Midt, og Odd Kåre Wiik, avdelingsleiar for utbygging, drift og vedlikehald i Ulstein kommune, har sidan prosjektet starta i august 2013, hatt eit tett samarbeid.

Vegprosjektet er på 800 meter, og dei to er samde om at reint trafikkmessig er det dei to rundkøyringane som er det store preet. Dei gjer at trafikken flyt, og at bilane slepp å stå og stange på sidevegane.

- Men på begge sider av Sjøgata er det bygd breie fortau med leielinjer for blinde og svaksynte. Det har gjort det mykje tryggare for mjuke trafikkantar i Ulsteinvik sentrum, forklarer Torbjørn Vatnehol.

Kinesisk kantstein og grøne planter i rabattane gjer det i tillegg pent.

I den eine rundkøyringa har skulpturen «Båtbyggaren» alt kome på plass, og snart skal det også kome ein skulptur i den andre rundkøyringa.

Sjøgata er Møre og Romsdal fylkeskommune sin veg, men Ulstein kommune har bidratt med store summar (om lag 30 millionar kroner). Først og fremst i infrastruktur i grunnen.

I tillegg til den 800 meter lange Sjøgata, har Ulstein kommune rusta opp 300 meter med sidevegar.

Store kostnader i grunnen

- Mesteparten av kostnadene til Ulstein kommune ligg i grunnen, og er dermed ikkje lett å sjå, kommenterer Odd Kåre Wiik.

Der ligg røra til Ulstein Fjernvarme, fleire tusen meter med nye rør til Ulstein kommune si nye hovudvassleidning, nye kloakkrør, rør for fiber og kommunikasjon for kommunale bygg. Mørenett AS har bygt ut forsyninga si, og Telenor har lagt nytt leidningssystem i grunnen.

Reint teknisk har den største utfordringa vore å få bygt brua (kulverten) over Sauneselva. Når bilane no kjem susande gjennom rundkøyringa på Saunes, køyrer dei over elva. For å få tørre arbeidsforhold under bygginga av kulverten, måtte Sauneselva leggjast om, og teknisk var dette ei krevjande oppgåve.

Om det heretter skulle kome store nedbørsmengder, bør folk likevel kunne vere trygge. Dagens bru er konstruert for å kunne tole 200-årsflaumen.

Det har også vore ei utfordring at dei under gravinga kom fram på rør som var i drift, utan å vere kartlagde. Sidan bygginga starta i august 2013 har det vore mange mellombelse omkøyringar i Ulsteinvik.

27 gravemaskiner

- Vi vil nytte sjansen til å rose både innbyggjarane og handelsfolket i Ulsteinvik for stort tolmod. På det meste har det vore 27 gravemaskiner i sving i sentrum på ein gong. Og når vi veit at gravemaskinene utløyser arbeid for tunge lastebilar som skal inn- og ut av sentrum, så er det nesten i overkant av kva som kan tolast i sentrum, kommenterer Torbjørn Vatnehol.

- Men no skal vi vere glade, snart er alle vanskar og omkøyringar gløymt, og det skal gå minst 98 år før nokon får lov til å grave i Sjøgata, smiler Odd Kåre Wiik.

Han legg til at det har vore ein fryd å jobbe saman med Statens vegvesen og entreprenørane som har hatt oppdrag langs Sjøgata.

Prosjektleiar Oddbjørn Vatnehol (t.v.) og Odd Kåre Wiik, Ulstein kommune, framfor Brua over Sauneselva, som no er konstruert for å tole 200-årsflaumen.