Utstillinga torsdag, fredag og laurdag i neste veke kan fort bli eit nytt høgdepunkt i karrieren.

Ingjerd debuterte med eiga utstilling i Ålesund i 2003. Det vart ein braksuksess. Så å seie alt ho stilte ut fekk kjøpar. Det var tydeleg noko i bildespråket hennar som traff.

No har ho arbeidt i det stille ei stund. Parallelt med dei tjuefire oljemåleria i storleikar frå 1,20 x 1,00 og nedover har ho avfotografert og samla alle bilda i ei bok, som Alpha Forlag på Jæren gir ut i 200 eksemplar. Denne boka vil vere til sals under utstillinga – og elles.

Uttrykker barnelærdomen

Ingjerd har djupe kjensler til dei tjuefire «bibelsituasjonane».

– Du kan godt seie at det er barnelærdomen min eg uttrykker, seier ho.

– Kvifor nettopp tjuefire?

– Det berre vart slik. Det ligg ikkje noko symbolsk i det.

Ingjerd hadde både faren Per Havåg, tante Svanhild Havåg og Einar Muren som lærarar i kristendom på skulen. Det kjekkaste ho visste var å teikne «historiene».

– Ein gong teikna eg pinseunderet. Eg såg for meg eldlogene i eit mørkt rom med glugger. Men det var ikkje alltid eg fekk det til.

Av dei 24 bilda er 9 frå Det gamle testamentet, 15 frå det nye.

Er ekspresjonist

Når vi skal skildre korleis Ingjerd arbeider, må vi først ta ei avklaring: Ho er ekspresjonist, ikkje impresjonist.

Munch, som var ekspresjonist, sa det slik: «Eg målar ikkje det eg ser. Eg målar det eg såg».

Ingjerd ser på faren Per Havåg, som også er ein habil målar. Dei er samde om at Munch sin definisjon er treffande.

For slik har Ingjerd det også. Ho kjenner bibelforteljingane, har dei under huda og dermed også ei oppfatning av fargane og temperaturen.

Når ho tek til på utforminga, prøver ho å stille seg heilt fritt.

– Det naturalistiske bitt situasjonen, synest eg. – Det kan fort begrense deg og kan vere ei felle å gå i. Det kan bli eit glansbilde. Og det ligg ikkje føre meg. Eg vil opne opp situasjonen med min eigen fantasi.

Bilda er i olje, men Ingjerd legg eit tynt lag med acryl før oljen for å sleppe dei kvite flatene.

Ei medfølgjande bok

Tittelen på boka som følgjer utstillinga er «24 bibeltekster – 24 oljemåleri». Tekstene som har resultert i bilda, er trykte på høgre side, bilda på venstre. Opningsbildet heiter «Syndefallet». Adam grip eplet som Eva gir han. Vidare møter vi kjende situasjonar som «Storflaumen», «Gud set Abraham på prøve», «Jakobsdraumen» og «Moses vert fødd».

«Moses vert fødd» er yndlingsbildet til Ingjerd si mor, Elsa f. Fjørtoft.

Frå det nye testamentet har vi titlar som «Jesus vert fødd», «Jesus stiller stormen» og «Jesus står opp» - for berre å nemne nokre.

I tillegg til at bilda er form- og fargespennande innbyr dei til leiting etter symbolske nøklar.

Arbeider der ho vart fødd og voks opp

Ingjerd sitt atelier ligg i det gamle hønsehuset på garden. Der er ho elles sjølv fødd og har vakse opp.

Når eg seier at bilda hennar kan likne litt på Håvard Vikhagen sine, vel og merke i fargebruken, så fortel ho at ho har lært mykje av nettopp han.

– Han har faktisk vore lærar for meg. Han er veldig grundig og flink og kan gi både ros og ris. Men han er meir organisk enn eg. Eg er nok meir på grensa til kaotisk, ler Ingjerd.

Ja, ikkje berre Håvard Vikhagen har ho mykje å takke for. Ørnulf Opdahl var ein pådrivar då Ingjerd til slutt våga å ta steget og halde ei separatutstilling den gongen i Ålesund i 2003.

– Han pusja meg veldig fram mot debututstillinga, fortel ho.

Med dei tilbakemeldingane Ingjerd har fått her på Sunnmøre, er det kanskje enkelte som stussar på at ho ikkje har nådd vidare ut – nasjonalt. Enno, kan vi legge til.

Sjølv forklarer ho det delvis med angsten for å bli involvert i for mykje. Ho er «overhode» ikkje medlem i nokon kunstnarorganisasjon. Ho føler at det kan kome til å legge for sterke krav og føringar. Og ho er samd i at det i dette angstfenomenet ligg ein komponent; at ho vaktar om fridomen sin.

Når eg så spør om ho lever av kunsten sin, smiler ho:

- Eg lever først og fremst av å vere halvt ufør og halvt villsaubonde.