For ei tid sidan melde lokalavisa at rådmannen i Hareid foreslo å auke grunnlaget for eigedomsskatt i Hareid frå 2 til 4 promille i 2015 og dei neste tre åra deretter.

Dette gjekk fram av handlingsplanen for dei komande fire åra.

No viser det seg at den korrekte promillen i rådmannen si tilråding overfor politikarane kjem til å vere 2,74 promille.

Berre eit anslag

Rådmann  Bent Arild Grytten forklarer dette med at 4 promille berre var eit anslag då Økonomiplanen vart laga tidlegare i haust.

– Det er kronebeløpet  som er viktig. No viser det seg at utifrå det skattegrunnlaget vi har i dag og medrekna fleire reduksjonsfaktorar, så treng ikkje eigedomsskattegrunnlaget å vere på meir enn 2,74 promille for at vi skal få inn dei 9 millionar kronene som vi treng for å sleppe å gå til drastisk nedskjering av tenestetilbodet i kommunen.

På spørsmålet om folk i Hareid kan rekne med at 2,74 blir promillesatsen også i 2016, 2017 og 2018, seier rådmannen at det godt kan bli slik, men at det er politikarane som ved kvart budsjett bestemmer kor høg satsen skal vere.

Hareid-budsjettet skal til handsaming i formannskapet komande veke.