Klokka halv ti i føremiddag var ei lita forsamling med menn samla rundt eit kumlokk i Haddal. Det var kommunalsjef Arne Runar Vik, Odd Kåre Wiik, Roar Ulstein og lokalpolitikar Oddvar Gjerde.

- Dette er ikkje ei opning med pomp og prakt. Og med det meiner eg barnehagar og kake, men det er ei viktig opning, sa avdelingsleiar for drift og anlegg Odd Kåre Wiik.

Han takka Oddvar Gjerde, lokalpolitikar frå Senterpartiet og medlem i teknisk utval, for at han ville vere med på denne opninga.

- Du har vore ein viktig pådrivar som har pirka borti oss ved fleire høve. Me treng det av og til, sa Wiik. Den store byggjeaktiviteten i kommunen har ført til at dei har nedprioritert å kople Garnesvatnet til Haddal og Eiksund. Men no skjer det altså. Wiik kunne også opplyse om at Garnesvatnet er eit av dei beste drikkevatna i Møre og Romsdal.

- Det er viktig at innbyggjarane får reint vatn. Mat og vatn er det viktigaste av alt, slo Gjerde fast.

Han fekk etterpå æra av å kople på Eiksund og nedre Haddal til Garnesvatnet, og kopla av Mørkevatnet. Dei som bur oppe ved Solsida må vente litt til før dei får vatn frå Garnesvatnet. Der må byggjast ein pumpestasjon. Omkoplinga for dei vil skje neste år. Teknisk etat er ikkje sikre på når det vil skje.

Spyle røyra

Ein del innbyggjarar i Eiksund har vore plaga med brunt vatn når det regnar mykje. No som vatnet er kopla om vil kommunen sørgje for at dei skitne røyra blir spylte, no som det kjem reint vatn i dei. Dei kan ikkje love at det skjer neste veke. Men Wiik sa at det har vore litt spesielt i Johanmarka, så dei vil dei prioritere.