Rolf-Magnus Sundgot er tilsett i Ørsta kommune som ny seksjonsleiar for tekniske tenester, skriv avisa Møre-Nytt på sine nettsider.

Sundgot som er busett i Ulstein har arbeidd ved Høgskulen i Ålesund, som labsjef og utviklingssjef.

Han har også tidlegare erfaring som teknsik sjef i Sula kommune, skriv Møre-Nytt.

– Dette gler eg meg til. Eg ser med spenning og forventning fram til å inni jobben. Ørsta kommune er ei kommune i utvikling, og det er mykje spennande å ta fatt i. Eg har også møtt mange kjekke folk på rådhuset, og føler meg velkomen, seier Sundgot til Møre-Nytt.

På Ørsta kommune sine nettsider skriv dei at Sundgot skal byrje i stillinga i byrjinga av mars neste år.

- Det ein særs kompetent medarbeidar som sluttar seg til oss, og som gir sterkt uttrykk for at han ser fram til å vere med på å utvikle kommunen vår. Vi ynskjer han hjarteleg vekomen på laget, melder Ørsta kommune.