Muren er leiar for Butikkgruppa i Ulsteinvik. Etter vel eitt års graving og omleggingar av køyremønsteret i Ulsteinvik sentrum, er Sjøgata no opna for biltrafikk i begge retningar. Og i starten av desember skal alt arbeidet vere ferdig.

Ei paradegate

– Det blir veldig bra. Sjøgata har no blitt ei paradegate med bygningar på begge sider, og tre rundkøyringar. Trafikken gjennom sentrum vil no gli smidig. Bilar som kjem frå sidegatene treng ikkje lenger å vente på at trafikken frå Rolls-Royce og Ulstein Verft skal gi seg. Dessutan har  byen Ulsteinvik blitt mykje meir oversiktleg, meiner Muren.

Han fortel at alle medlemene i butikkgruppa har sett fram til nyopninga av Ulsteinvik sentrum. Og han slår fast at det på mange måtar har vore ei tolmodsprøve både for butikkdrivarane og for kundande.

Handelssenter for Søre Sunnmøre

– Heretter slepp dei som kjem hit med bil å føle at dei køyrer inn i eit anleggsområde. Og her er godt med parkeringsplassar også. Utbygginga har kosta mykje pengar, men eg er overtydd om at satsinga vil løne seg over tid. Eg ser på denne opprustinga  som ei understreking av at Ulsteinvik tek mål av seg til å vere eit handelssentrum for Søre Sunnmøre. Vi har konkurranse både frå Ålesund, Ørsta, Volda og Fosnavåg – og det blir viktig at kundane som kjem til Ulsteinvik føler at her er triveleg å vere.

Muren har også tru på at opprustinga av sentrum vil føre til at det blir enklare for nye butikk-kjeder å etablere seg i Ulsteinvik.

Bylaurdag 29. november

Komande laurdag, 29. november, blir det Bylaurdag i Ulsteinvik. Då skal det feirast at Ulsteinvik har fått nytt sentrum. Det blir kakefest, utdeling av ballongar og julepynta gater.

– Startskotet går for julehandelen. Vi gler oss, og ønskjer alle velkomne hit til Ulsteinvik,  seier leiaren for butikkgruppa.